tirsdag 7. oktober 2008

Arvegods og gode minne frå ei svunnen tid

012For mange år sidan arva eg nokre gamle lysestaker i sølvplett etter mammaen min som igjen fekk dei frå sin mamma ... min kjære mormor. Dei er eit kjært og godt minne som eg tenner lys i og har framme til ein kvar tid. Har tenkt på om eg skulle forsølve dei igjen, men fann vel ut at særprege kanskje vil forsvinne. Dei er tært av tidas tann og flittig bruk heilt sida mormor fekk dei rundt 1910. .......Og saman med mormors to gamle kaffiservicer fra same tidsperiode, er minnane på plass når eg dekker kaffibordet.

010

014

Det var av desse koppane eg drakk min fyrste   kaffi:) halvt med kremfløte og halvt med kaffi pluss to sukkerbiter.  Mormor dekka fint på i stove i leilegheita på Vålerenga, og ho hadde alltid kaker og litt snop attåt:) mamma, pappa og eg budde berre ti meter bort i gata så vegen var kort:)  ....... Og der kunne vi sitte, mormor, mamma og eg og berre nyte stillheita eller prate om løst og fast. Det var det gode liv .........og det var sånn mormor og mamma likte det.........

3 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Flotte koppar og arvegods som ber mange minner..
Håper Silje har komt seg og er på bedringens veg....???
Petter har vore med tannlege i dag tidleg, fekk plutseleg betennelse og tannverk her. Så no har han inntatt sofaen ferdig bedøvd. Håpe han blir fort bra.

Dagny- Heim sa...

Heisan og hoppsann, Lill!! Var så vidt innom med det same du starta opp bloggen, men då var den tom gitt ;-) Så her må eg seie det har skjedd ting sidan sist!
Kjekt å sjå at det går bra med Silje, les alltid om henne når det står eit kvart i M-Nytt.

Korleis går det med deg?
Soverommet såg forresten kjempefint ut, blei reint misunneleg :-)

AnneGrethe7 sa...

Heia gulle gull :)

Ja, lurt slik som du gjorde. Pynte veska di med sløyfa. Skal kjøpe ei ej me. Ha ho på vogna til bror.

Gler meg til dokke kjeme i kveld.

Klem