fredag 17. oktober 2008

Mi heilt spesielle mormor......Helena

Ytterst ute på den nakne ø har eg nokre av mine kjæraste eigendelar. Dei kjem frå ei svunnen tid då mormor var ei ung dame, einsleg forsørgar med to born - mi kjære mor 3 år, og høgt elska onkel 4- dei budde i storbyen Oslo og var usikker på kva framtida hadde å by på. 015

Ho gjorde eit stort offer og eit heilt spesielt val då ho pakka Amerika-kofferten og dro med båten til USA. Heime hos besteforeldra budde mamma og onkel i heile 2 år. Dei dreiv ein liten gard ved Østensjøvatnet på østkanten av Oslo. Oldefar laga kjøkenredskap som dei selde på torget i byen utanom gardsdrifta. Året var 1919 og det var tronge kår. Det var spennande tider på den vesle garden, for dersom mormor fann seg til rette ville ho sende bod på dei to borna sine. No skulle det ikkje gå slik...... mormor kom heim etter to lange år, traff han eg kalla for bestefar og busette seg med born og mann på Vålerenga i Oslo. Mormor var ei spesiell dame med stor omtanke for dei som ikkje hadde det så godt. Eg hugsar så vel frå eg var lita då eg og mormor gjekk over vegen til gamleheimen med flotte påsmurte snittar og nytrakta kaffi. Det var fast rituale ein fredag i månaden. Ho tok heim dei med lite ressursar, ga dei mat og kle og eit varmt bad. Eg hugsar ho sa; " eg veit korleis det er å sitte trongt i det".

 

002 (8)003 (8)021 (3)Som mor så son - og 26. januar i 1950 seilte Den Norske Amerikalinjen ut frå kai i Oslo med onkel ombord. Han var borte i 4 år før han kom heim. Og det er eigendelane til mormor og onkel som "fortel" denne historia, reisene dei var på, tinga dei hadde med heim og historiene dei fortalte til meg monge gonger - eg vart aldri lei - var så spennande og annerleis . 012 (4) 020 (3)006 (7)

004 (7)

hand i hand formiddag laurdag var min og mormor sin dag. Då gjekk vi hand i hand ned til sentrum av Oslo og på kafè. Ei like stor oppleving kvar gong. Det var slik ei vidunderleg tid.

... eg håpar at mormor har påverka meg gjennom sine historier og veremåte, for som det seiast:

 Alle bærer vi vår barndom med oss....

                    og den varer i generasjonar        

6 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

.....så kjekt at du deler dette med oss. Har ofte tenkt på det når du tidlegare har fortalt meg om mormora di..korleis ho i alle dager greidde å reise frå to små born å vere vekke i to heile år og det tilogmed på andre sida av kloda ;)....vanskeleg for meg som lever i ei bruk og kast tid å setje seg inn i korleis det var å leve i tronge kår. Så kjekt at du tek vare på alle desse flotte minna som pryder stova dokka på Nytun :)

Ligg ei utfordring til deg på bloggen min kjære :)

Monika sa...

Det var ei fine historie om ei fine mormor :)
eg har og ei god mormor - men desverre bur vi litt langt unna kvarandre, og alder har vel gjort sitt til at min mormor er den mormora eg huska best - men slik er desverre livet
Ellers takke takk for fin komentar på bloggen min
smil fra monika

Dagny- Heim sa...

Det er så godt med slike gode minne! Og etter at dei har gått bort er det ekstra kjekt når ein har noko å knyte desse minna til. Mine "mormorklenodium" vernar eg vel om :-)

Oi...klokka går! Skal tidleg opp og på øvingshelg med koret, til Stryn. Best å finne loppekassa ;-)

Ha ei fin helg!

Linda C sa...

Thanks for stopping by for a visit at my blog~ I enjoy your comments:)
I really enjoy your photographs on your blog even though I can't read the words. I do see that you have a tie to Texas and Southern Methodist University? Very cool!
Have great weekend~
Linda C

Nunne sa...

Ja, her kjente jeg meg igjen. Sjøl om MORmor ikke var min favoritt. Ho hadde omsorg for min gamle morfar og hadde mere enn nok med han, stakkars. Tenker ofte på hvor dum jeg var som ikke oppmuntra ho mere... Men jeg var så ung...

Ønsker dge god helg. Du erny for meg, kan ikke huske deg iallefall..
Hilsen fra Nunne.

Siv sa...

Hei Lill! Takk for koseleg helsing i bloggen min! Du er kjempeflink til å skrive og ilag med fine bilder, er det ei fryd å vere innom her! Gler meg til å sjå kva bokhylla di inneheld. Sikkert meir fornuftige ting enn mi ;) Ha ei kjempeflott helg vidare :D