Silje - my amazing daugther :))
Har akkurat snakka med jenta mi:)) Ho har vore og konkurrert igjen denne helga, og denne gongen gjekk turen til byen Fayetteville i staten Arkansas. Her gjekk det tradisjonelle "Chili Pepper Festival" av stabelen for tjuande gong:), og Silje sprang 6 km terrengøp på ny personleg rekord!!!!!
Det var ei glad og fornøgd jente som ringte heim til ho mor i kveld. Etter ei veke med etterverknadar frå ei matforgiftning, sprang ho in til 4. plass av totalt 306 deltakarar:) Ho var 39 sekund betre enn ifjor i same løypa, så jenta mi var storfornøgd ho:)) No ventar to veker med hard trening før neste store meisterskap går av stabelen i Memphis, Tennesee.
Her er ein link til Universitetets side;
http://smumustangs.cstv.com/sports/w-xc/recaps/101808aaa.html
Er veldig stolt av deg SILJE :))
3 kommentarer:
KJEMPEBRA!!! Vi er også stolte av Silje. Gratulerer så mykje med nok ett flott løp.
Flotte greier........) Hipp.hipp,hurraaa.....for Silje-mor.
Godt at ho har kome seg i form igjen etter smoothie-kalaset....:)
Snakkast seinare i dag vennen. På konsert med Mathea kl. 15.00. So he systa has Petter gebursdag i dag og vi e invitert i selskap etter konserten, kjekt det :)
Klemz
heia venne....vore på jobb i dag,vore kjekt det, men hektisk.
Mathea var så uheldig å få ein kink i nakken i går og måtte til akutt kiropraktor. Ho hadde eit ledd ut av stilling og må dopast på ibux til ny behandling i morga...stakkar lita:)
Elles e alt bere bra......går eigentleg i eitt:)
Legg inn en kommentar