søndag 16. november 2008

Når draumar blir knust og håp brister.......

Gir alt

Du er lyset og solstråla i livet mitt, og du gir meg så uendeleg mykje glede. Mammahjartet lyser av stoltheit over alt du gjer og korleis du er som medmenneske og dotter. Pågongsmotet ditt og vilja til hard trening er imponerande, og dei flotte prestasjonane du gjer på skulen og på idrettsbana  gjer meg så uendeleg glad og stolt.

Når du er trist og lei deg, er eg det også, for eg ynskjer at du berre skal ha gode dagar. Eg  gret inni meg kvar gong du er trist og har det vondt. Slik som igår..... skulle så gjerne vore å trøsta deg.

Draumen og håpet ditt brast, og du var så uendeleg skuffa. Vi viste du ikkje var heilt bra etter ti dagar med influensa ,men du stilte likevel opp for laget ditt og sprang dei 6 km slik at dokke kvalifiserte dokke til 

DET AMERIKANSKE   MEISTERSKAPET.

Sjølv om det ikkje gjekk slik du hadde draumt om, kjem det nye sjansar om 9 dagar:)

Dvel ikkje ved dagen i går,  men sjå framover. 

Eg vil alltid  vere der for deg. og i mine auge er du alltid ein vinnar:))

035

Deiligst av alle gleder

er gleden for slett ingen ting.

Ikke for noe du kan eller vil,

gleden for intet

og gleden for alt.

Gleden fordi DU er til.

Axel Juel

Veldig glad ideg jenta mi.

 

5 kommentarer:

Stine sa...

Ditta her kjem til å gå kjempebra. Silje er sterk og kjem enda sterkere tilbake, det er vi sikre på her på øya ivertfall. Etter sjukdomsperioder så er det vanskelig å yte maks. Motgang gjer at man blir sterkere---er ikkje det et ordtak? Noko i den dur. Ha en fin søndag!

Brit. (lille meg) sa...

Så godt å lese! Mammahjertet banker for barnet sitt.
Mammaer står med i tykt og tynt, enten det går bra eller mindre bra.
Og så er ikke idretten livsviktig, heller. (Selv om det av og til kan virke sånn.)

AnneGrethe7 sa...

Som dine dagar er skal din styrke vere......seiest det. Vi veit kva Silje er god for og at ho kjem sterkare tilbake er det ingen tvil om :) Snart er jenta heime og får samle styrke under mamma sine trygge vingar, det gjer nok godt etter ei tid med sjukdom:)
Klem

Laila sa...

Det må vere godt å ha ei mamma så snill og god heime når ein er så langt vekke. Det er ikkje vanskeleg å høre at dokke to har eit fantastisk mamma/datter bånd. Eg set pris på at du har vore innom bloggen min. Legg deg til i lista mi Lill. Ha ei fin veke!! :)

Silje sa...

For eit innlegg!! Vart heilt rørte og sit med tårer i augene..vil tru det er fantastisk å ha ei slik mamma når ein er langt borte, og kan glede seg å kome heim til!! Det kjem nye dagar, med nye sjansar, då slår ho nok til !! Ha ei fin helg, stormen er nok snart over...