mandag 3. november 2008

Silje..... vi er så utruleg stolt av deg!

silje the chapion

 Laurdag var Silje i Memphis, Tennesee. Her gjekk Conference USA meisterskapen, og The Mustangs var på plass for å springe 5 km terrengløp. Vi var på Fjørtofta, UTAN INTERNETT og  spenninga var stor i heimen:) ......... såg på klokka, rekna meg bakover 7 timar og gjekk att og fram på stovegolvet når eg viste løpet starta. Er berre heil fælt å ikkje få vere der ilag med jenta mi! Minuttane gjekk og eg trava rundt. Ringer ho ikkje snart? Korleis gjekk det? Har det skjedd noko? Mange tankar svirra rundt....... prøvde å strikke...... utan HELL!  Då høyrar eg ringetonene" Jag trodde englane fans bara bara i himmelen"...... det er den som spelar når Silje ringer.  Hallo jenta mi, korleis gjekk det?   Då høyrer eg frå den andre sida av Atlanteren; "EG VANN MAMMA, EG VANN!!" Då berre rann tårane og hjartet svulma og eg trur nesten eg lyste opp halve øya av stoltheit!  Tenk! jenta mi vann med over 17 sekund til nr 2, og  til og med på ny meisterskapsrekord!  Er det noko rart at mammahjartet nesten hoppa ut av kroppen:)) for eg veit kor mykje trening det ligg bak , og kor mykje det betyr for ho å få betalt for alt strevet .Eg får knapt sagt gratulerer før Silje fortsetter "Mamma, mamma, høyr mamma,  vi vann lagkampen også, og trenar Cathy Casey vart kåra til årets trenar" Det ville ingen ende ta:) Universitetet til Silje gjorde reint bord, og dette var jenta mi med på å bidra til. FANTASTISK! 

Då var tida komen til å ringe rundt til slektningar og vener med gladnyheita:) Trenaren til Silje, Magne Wullum på Tingvoll sto å parterte hjort då eg ringte. Det er han og Silje som har   ALL   ÆRE   for  framgongen på idrettsbana. Den kunskapsrike og supre trenaren med omtanke for eleven sin, måtte berre legge frå seg kniven og sette seg ned. Han vart så rørt og glad, for dette er ein fantastisk prestasjon. "Silje har markert seg i USA tidlegare ho, men dette overgår alt ... sjø.." kjem det gjennom telefonen frå Tingvoll:)).

Champions Her er The Mustangs, frå venstre;

Ilyssa, Monika, Jessa, SILJE med trofèet, Rachel, Sierra, Clair, Samantha og trenar Cathy Casey. Ein fantastisk bukett med jenter som skinner om kapp med sola.

 

Er så utruleg stolt av deg jenta mi, du er  sola og lyset i livet mitt. Kjempeglad i deg:))

Stand up for the Champions :))

8 kommentarer:

Astrid sa...

Tårene mine trillar no Lill!
Eg er SÅ glad på dokke og Silje sine vegne:)
Eg trur ikkje eg er langt frå sanninga når eg seier at heile idretts-Ørsta (sikkert M&R-krets og NIF også) er stolte av denne flinke jenta dokka!
GRATULERER!!!
Kjekt at du deler det med oss på bloggen din, no vart eg glad:)
Ha ei fin veke Lill!

Unknown sa...

Gratulerer til Silje...
FOR ein følelse dette må vere:0)
Lettrørte meg klarar sjølvsagt ikkje å halde tårene tilbake...dette er jo berre så STORT!!
Ynskjer dei stolte foreldra ein fin mandag, og varme tankar går til Silje frå bLOGGLANDIA:9)
Klem, Line

Monika sa...

Grattis til Silje
Og til ei flotte mamma - som deler med oss andre
STOLT ja det har du lov til åvere - og vi andre er stolte sammen med deg
SMIL I DAGEN
klem fra monika

Brit. (lille meg) sa...

Å ja, kjære deg! Du kan gjerne være stolt av den flinke jenta di!
Det var en rørende historie.
Gratulerer til deg også, som har fostret denne flotte jenta!
Ha ei fin uke!:)

Stine sa...

Kjempeflott prestasjon nok en gang av Silje. Hørte det på radioen i dag tidlig. Vi er kjempestolte av søskenbarn Silje vi på Haramsøya også! Klem Malin, Hannah og Celine - og mamma'n og pappa'n også!

Kate-Marita Pettersen sa...

Hei:)
Første gang innom hos deg og du verden for en flott blogg du har:)

GRATULERER SÅ MASSE TIL DERE:)
KAN TENKE MEG AT DET ER ET STOLT
MAMMAHJERTE SOM BANKER NÅ:)FOR EI
FLOTT JENTE!!

Ha en flott ettermiddag:)
Klem fra Kate:)

AnneGrethe7 sa...

Så fantastisk flotte pestasjonar av Silje- mor....ho e super...men jammen ligg det bak eit stort strev med mykje trening.
Berre litt over 4 veke til ho kjem heim:)det blir kjekt.

Klem

Kate-Marita Pettersen sa...

Tusen takk for at du titta innom til meg også:)
Så koselig med et nytt bloggbekjentskap:)
Legger deg også til lista mi:)

Klem:9