onsdag 12. november 2008

Utfordring frå Linn

Fekk denne artige utfordringa frå Linn som er ei slik HERLEG jente. Den tar eg på strak arm og graver djupt i hukommelsen for å finne noko som kanskje ikkje alle veit om meg. No skal det seiast...... eg tyter veldig.....:) veit om det, men alt kan eg vel ikkje ha øst ut av meg heller.....

1. turn

Begynte med turning i klubben BJART når eg var 5 år. Holdt på til eg var 23, og var det ein kalla konkurranseturnar. Trena 6 dagar i veka. Det var tider det.......................ikkje mykje spagaten lenger her no.




hardangervidda

17 år gamal gjekk eg frå hytte til hytte over Hardangervidda åleine. Hadde med telt og fiskestong og var borte i 10 dagar. Hjelp.... skjønner ikkje at eg turte det, men ein utruleg oppleving - ligge i telt nokre netter, andre på Turistforeininga sine mange flotte hytter. Fiske, vandre over fjellet og nyte naturen, kan ein ha det betre?




DrivaLeigde eit stabbur når eg var 18 år - atter ein gong åleine - ved elva Driva og fiska med flugestong etter laks ei heil veke. der sto eg med "vaddissa" og flugestonga, det var berre heilt fantastisk:)) Dårleg fiske, men utruleg kjekk veke som eg ser tilbake på med glede:)



Ford Cortina Super Deluxe 1966 rear

Ford Cortina mkI  1966 light20 år gamal kjøpte eg meg ein Ford Cortina 1966 modell, mosegrøn med kremgule "vingar". Dro til ein rallykjøyrar på Bjørkelangen og trimma den opp med ny kamaksel og dobble Weber-forgassarar. Gjekk som eit UVER!!!........... og kva skulle eg med bil som ikkje hadde lappen.....................................


IBM  med kulehode

Jobba som kombinert sekretær og lagersjef på boktrykkeri i Oslo. Kjørte truck og henta store pallar med papir, for der etter å gå tilbake til min skrivemaskin, EIN IMB MED KULEHODE OG RETTETAST - når pallestablinga var unnagjort:) Litt av eit liv......


speiderdraktVar med i KFUK, som meis, så speidar og seinare troppsførar frå eg var 7 år. Var på mange speidarleirar rundt om i Noreg:)) Kjempeartig tid, og eg var aktiv heilt til eg flytta til Sunnmøre 23 år gamal.





hestHadde ein halvblodshest på halv-fòr i 4 år. Han fòra eg før og etter arbeid, og søndagane var berre våre. Då sala eg opp og la i veg innover Østmarka. Langs dei mange vatna trava vi i monge timar. Sorga var stor då han etter kvart vart sjuk og måtte avlivast. Men minna er der:))

Nå skal nokon andre få grave seg ned i hukommelsen....... derfor går denne utfordringa vidare til:

Anne Grethe, Tove, Astrid og Monica. Lykke til og nyt onsdagen:)

Smil og Klem frå Lill

6 kommentarer:

Linn sa...

ojj... at du tørte fare aleine på tur slik.. modig du:):):) va sikkert en kjempeopplevelse:):):)

Lille meg sa...

Du er en tøffing, sier jeg bare!

Stine sa...

Skikkelig tøff du Lill! Her var det mykje eg ikkje visste om fra før. Kjekt lesestoff!

Fam.Sandnes sa...

...hihi...du overraska stadig...visst om det meste frå før sett bort frå hesten ......men eg flira godt av då du kjøpte deg bil og ikkje hadde sertifikat. Hadde aldri trudd om lovlydige deg....hihi......Men at du er tøff og meistrar det meste veit eg. Og eg er så inderleg glad for at akkurat du er min beste ven.

Håpe alt går bra m/ Mimzy-prinsessa og at bror blir frisk så me fe spele kort :)
Utfordringa må eg tenke på....veit ikkje akkurat om nokre overraskingar i dag. Etter tre dagar med spying i heimen er eg nokså tom....men no kryssar me fingarne og håper på ei natt med søvn:) ikkje meir som skal til for å få energien tilbake:)

Klem

Siv sa...

Skikkelig tøffina du, Lill! Og så fine juletre som du har fått på bloggen din da! Snart jul no ja :) Gler meg fryktelig til det, for i år har eg HEILT fri! Med yrke innan helsevesenet, så har vi aldri fri både jul og nyttår, og det er verste tida å jobbe på... Skulle mykje heller jobba kvar påske og 17. mai i staden... Men i år skal eg rett so KOSE meg!!

Tove sa...

Sjølvsagt tek eg utfordringa på strak arm! Men eg skjønte ikkje heilt kva den går ut på.... Treig? Ja, kanskje.... Men det er seint på kveld og det sviv ikkje like litt som tidlegare på dag... Kanskje du sender meg ei presisering??? Har vore nokre dagar utan blogging no, lyt skjerpe meg i morgon!