onsdag 29. oktober 2008

Fenomenet  Halloween.............

Halloween

Vi nærmar oss 31. oktober og butikkane er fulle av kostymar, lykter, skremande masker og anna tilbehør. Halloween-feiringa er ei ganske ny "hending" her heime, og "KNASK ELLER KNEP" ........ "TRICK OR TREAT"

kjem til å høyrast når vi opnar døra. Har vi litt snop i bakhand..... eller vel vi å stå over...... Likar vi dette "nye" fenoment ... eller ikkje..............   Det er opptil kvar og ein.

 

 

 

 

 2007-10-31 - halloween Forløparen for Halloween er opprinneleg ein eldgamal, hedensk skikk. Den keltiske festivalen Samhain i England og Irland blei feira 31. oktober, som var nyttår i både keltisk og angelsaksisk tradisjon. Det var rekna som ein farleg natt, og då brann ein store bål på bakketoppane for å skremme bort dei onde åndane. Denne dagen kom gjeterane tilbake frå beite, og lovar og eigedomsfeste blei fornya.
Dei dødes sjel skulle kome å besøke sine tidlegare heimar på denne dagen, og ein starta å bruke nifse symbolar – spøkelsar, heksar, svarte kattar og alle slags demonar. Folk kledde seg slik dei trudde overnaturlege vesnar såg ut, for å lure dei bort. Det vigtigaste var å  blidgjere dei overnaturlege kreftane som styra naturen.  Denne kvelden var den beste  for å spå om ekteskap, lykke, helse og død.

Også i Norge var det knytt forestillingar om overnaturlege hendingar natt til 1. november. Dersom ein hugsa draumane ein hadde hatt denne natta, ville dei bli sanne............ 

 

image

Halloween er også kvelden før Allehelgensdag 1. november, og  dagen har tradisjonar her heime. Den blei kalla helgemesse eller aldermesse og var merka av på primstaven som minnedag for helgenar som ikkje hadde fått sin eigen dag. Den feirast på ulike datoar: I den romersk-katolske kyrkja blir dagen vanlegvis feirea 1. november, og datoen blei fastsett av pave Gregor IV på 800-talet. Tidlegare blei allehelgensdag feira 13. mai, og i den gresk-ortodokse kyrkja feirar dei dagen fyrste søndag etter pinse.
I Norge, både i statskyrkja og i Den katolske kyrkja, er allehelgensdag lagt til fyrste søndagen i november som ein festdag til minne om dei døde – for den katolske kyrkja til minne om helgenar og martyrar.

Ein  skikk som fortsatt praktiserast i Norge, er å stelle gravene til sine kjære, legge på krans og sette ut lys denne dagen.

vinternattAllehelgensdag har vore ein merkedag også når det gjeld veret. Monge stadar blei dagen rekna som fyrste vinterdag. Det var også ein dag som ga varslar for den komande jakta. Dersom jakta gjekk bra 1. november ville det bli eit godt jaktår. Dersom det regna ville det regne i 7 veker framover. Nokre stadar heitte det at dersom sola skein så lenge at du rakk å sale hesten, ville veret bli fint i det komande året. Til allehelgensdag skulle vinterbrødet vere baka, og det var no du slakte sau.

Om du vel å tru på draumane du hadde om natta - eller har skåla full av snop  klar ved inngongsdøra......eller kanskje Ja takk, begge delar..... ynskjer eg deg  EIN FLOTT DAG :))

7 kommentarer:

Fam.Sandnes sa...

For ein nydeleg dag vi har.....var ute og køyrte i tidlegare i dag og sjå dei majestetiske fjella bade i sol var rett og slett vakkert...
Veit ikkje heilt kva eg synest om halloween..... likar ikkje heilt t ungane går rundt på dørene for å mase etter snop...., men heilt ok om dei samlar seg heime og lagar ein liten fest der dei kler seg ut og får litt snacks,......Vi i Noreg har julebukk. Det er så koseleg å opne dørene i jula og små nissedamer/menn står på trappa og syng.....men her må nok berre kvar å ein gjer seg opp si meining. Vi har vore litt strikse med våre ungar når det gjeld halloween, ikkje alltid så lett når "alle andre" får lov:)

Gler meg til kort i kveld...skal ikkje vere så høg på pæra på førehand i dag...du hugsa vel kven som tapte sist ...hihi

No skal eg frese rundt og rydde litt før vi trillar oss ein tur i sola.

Klem

Fam.Sandnes sa...

.....hihi...litt taste feil ser eg, men du tydar nok kommentaren min...

hastverk er lastverk....går unna i svingane ...skal liksom ha med meg alt:)

Lille meg sa...

Du, jeg skal betro deg at jeg liker aldeles ikke halloween. En forferdelig skikk, spør du meg.
Likevel har jeg litt snop i bakhånd, kan ikke vite hva de kan finne på om de ikke får.
Hvis jeg husker det, skal jeg fotografere de stygge maskene.

Dagny sa...

Eg seier nei takk til Halloween! Måten det blir praktisert på i Noreg gjer det til ein uskikk, spør du meg!
Er glad mor mi har bursdag den dagen, då har vi ei god unskyldning til å reise vekk :-)

Eg gir uansett ikkje ut godteri om eg er heime, og mine ungar går ikkje frå dør til dør. Og nåde den som prøver seg på noko fanteri. DÅ blir det månelyst :-D

Siv sa...

Halloween er ein UTING spør du meg! Det har gått langt over sine grenser, med hærverk og andre unotar. Synest heller ikkje noko om at ungane går rundt og tiggar snop. Men men, det har vel kome for å bli, så ein lyt vel berre takle det som best ein kan. Takk for koselege kommentarar i bloggen, Lill! Ser de skal vere fadrar på lille Celine! Vi skal og i kyrkja den dagen, då koret til eldstejenta skal synge. Så der du høyrer skriking, der sit vi;)

Nunne sa...

Ka du veit! Det er helt utrolig!
Men jeg kan betro deg at jeg liker ikke halloween. Jeg tar gjerne strikketøyet mitt og går bort..
Vi har ei ytterdør som bærer preg av halloween anno 2006... noen sure unga (som ikke fikk gotter) kasta egg rundt vegga og på dører og vinduer. Og vi hadde en kjempejobb med å vaske alt av....

Men på kirkegården skal jeg. Og tenne lys på pappas grav. Jeg syns det er fint å gå der...

Ønsker deg alt godt! Klem.

Line sa...

Hmmm, det er visst mykje negstive opplevingar rundt Halloween ser eg...Her hos oss har det aldri vore noko tull, det er berre ein morosam dag, der ungar i allealdrar samlar seg og har det GØY!! Aldri nokon som har funne på noko tull....
Artig at du skriv litt om opprinnelsen bak Halloween, det er kjekt med litt kunnskap.
Julebukk er heller ingen norsk tradisjon opprinneleg, var det ei som skreiv på bloggen min...
Hmmm, kanskje eg skal google og sjå kva som kjem opp..