fredag 5. desember 2008

 

LOMMELESTAR....one size fits all.....

Dette er ein super måte å bruke opp restegarn på..... eller kjøpe noko tråd du lika. Her har eg brukt Ragg-Strømpegarn, og eg brukte knappe to nøster:) Gjort på ei lita kveldsøkt og ein artig gåveide er det også:) Eg sender mine "Over There"........ kjekke å putte i lomma når du skal på besøk.......

003

 001002  

018 015

 

.......Her er det ferdige resultatet......

 

OPPSKRIFT

Garn som passar til pinne nr. 3,5 eller 4.

Rillestrikk

Legg opp 5 masker

Strikk 2 riller.

Øk så 1 maske i starten av kvar pinne til du har 22 masker.

Øk så til 44 masker = Øk i kvar maske.

Strikk 2 rette og 2 vrange i ca. 15 cm.

Strikk 2 og 2 masker sammen til du igjen har 22 masker.

Forstett i rillestrikk og fell 1 maske i starten på kvar pinne til du har 5 masker att.

Strikk 5 riller og fell av.

Legg arbeidet saman på vranga som ei veske og sy sammen i sidene ( som blir framme og bak på lesten) og på "båndet over vrista:)

 

Eg bruker å strikke inn på annankvar pinne med litt effektgarn der kor det er rillestrikk.  Pynt gjerne med en knapp el liknade over vrista.

Fleire Lommelestar:)......

007 008

010 011

004 009

Kanskje nokon har lyst til å prøve..... håper oppskrifta er grei å forstå:))

Smil frå Lill

8 kommentarer:

Ulla sa...

Kanskje ej skulle prøvd å lage sånne. Såg no ikkje so veldig vanskelig ut da... Flott oppskrift!! :) Takk for at du dele med oss ikkje-strikkekyndige ;-)

Astrid sa...

Kjempefine tøfler Lill!!!
Eg har gløymt korleis eg strikkar på vranga, så det er ikkje mykje eg strikkar skjønar du... Gjett om eg er misunneleg på alt det vakre du og andre flinke-strikke-jenter tryllar fram!!
Det har vore lite blogging på meg siste veka, har hatt det så travelt synest eg, og då har eg ikkje prioritert blogging...

MEN EG MÅ FÅ TAKKE DEG:
TUSEN TAKK for den nydelege utmerkinga som du har valt å gje til meg:) Du er så snill og god!
Eg må prøve å få lage eit takkeinnlegg snart.

Ynskjer deg god helg Lill, no er det ikkje mange dagar att...
Tippar at Silje gledar seg minst like mykje som deg:)

Lille meg sa...

Dette så ikke så vanskelig ut. Kanskje jeg kan prøve meg på sånne en gang. Takk for oppskrifta!
Jeg er ikke så flittig med strikkepinnene, men kanskje prøver jeg denne en gang....
Ha ei fin helg!:)

Fam.Sandnes sa...

Produksjonen er stor i heime ser eg...lommetøfler er supre......brukar mine mykje.)

I går snakka eg med ho på Emmas verden.....og i dag har Astrid vore og henta fleire koppar og skåler tl meg..hehe..mamma skal ut over i helga og då hentar ho koppane heim :)

Snakkast seinare vennen!

kate sa...

Disse var virkelig kjempeflotte!!:)
Takk for oppskrifta:)
Ha en flott helg,
klæm fra Kate:)
Ps. har ei utfordring til deg:)

Siv sa...

Kjempeartige tøfler, Lill! Disse må ej prøve en gong:)

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

Så flink du e med strikkerier Lill!!!! Der må ej seie mej enig med Astrid, e skikkelig misunnelig på dokke som virkelig he tek`en på strikking! Skulle gjerne ha kunna sånt sjøl, men so va det ditta med å ta sej tida til å lære det då :) Det e jo obligatorisk å kunne når en evt blir bestemor en gong, men då he ej jo god tid på mej :)
Du e ei flott dame Lill!!
Klem frå Lerkevegen :)

Silje sa...

Så fine tøfler!! Du er berre kreativ altså :) Det ligg noko til deg på bloggen min :)