søndag 18. januar 2009

Fire x Fem

Fire x Fem = 20

 

Fått denne artige utfordringa av Tove i Tankar frå ein kvardag, og tek den sjølvsagt eg veit du......

 

4 Favorittprogram på TV:

image

Bilete er henta frå : www.kingdomi.com

  • 70`show
  • Criminal Minds
  • Mord og mysterier
  • Der ingen skulle tru.....

4 Ting eg gjorde i går:

061

  • Drakk altfor mykje kaffi.....
  • Sto i kø på Apoteket...... har endå ikkje funne ut kva tid det er lite folk der
  • Var på Dimna der husbonden var på dugnad hos broren som bygger nytt hus,   eg derimot.....vel eg  heldt husfrua med selskap.
  • Hadde ein lang og god prat med Solstråla mi på Skype før eg kraup opp i kassa:0))

4 ting eg ser fram til:

110

  • at januar, februar, mars og april var over..... for i MAI drar eg til Dallas!!!!!!
  • at stova blir ferdig oppussa
  • at eg drar til øya vår og blir der ei veke for meg sjølv med pusen og strikkepinnane
  • at eg skal finne ein jobb eg vil trivast med

 

4 Favorittrestaurantar:

002

Her slit eg veit dokke........ Restaurant..... kva er det ....og KVAR er dei???  Må berre innrømme at på slike steder frekventerar eg SVÆRT sjeldan eller skal vi seie aldri. Blir berre ikkje. Men eg likar å lage god mat heime, og dekke fint på og gjerne ha gode venar  på besøk. Men var på ein fantastisk restaurant i Dallas ifjor, Cheese Cake Factory, sjølvsagt laga dei ostekaker der. men middagen var berre  ein DRAUM for auge og gane, og måtte berre be om Doggy-bag, for makan til porsjon har ikkje eg sett.

 image Bilete er henta frå: http://www.thecheesecakefactory.com/

4 ting på ønskelista mi:

014 (2)

  • 1. klasse billett til USA.... alfor dyrt men veit dokke kor trangt det er for beina? og der sitter du 14 timar.........
  • Vinterhage ferdig møblert
  • Hund :) Ein Maltepoo ... brun med blå auge
  • Digitalt speilrefleks kamera... Cannon

Nysgjerrig som eg er vil eg gjerne vite korleis ståda er på Haramsøya......SÅ Dokke tre S'ane der ute:

Siv, Solveig og Stine

Tek dokke utfordringa :0))

6 kommentarer:

Tove sa...

Det var raskt ekspedert, frue! Ser til mi store fortviling at eg gløymte å nemne Mord og Mysterier på TV-lista mi!!! Det er jo sjølvsagt ein absolutt favoritt! Kos deg vidare i "blås bort"-dagen!

Unknown sa...

Artig, Lill:0)
Kjekt å lese litt meir om deg...
Her bles vi snart vekk!!
Eg har sprunge rundt å plukka papir, for papirdunken velta sjølvsagt, og med ni mål tomt...La meg sei det slik, eg kan i alle fall stryke dårleg samvet fordi eg ikkje har trimma frå lista mi;0)
Ynskjer deg ein fin søndag, klem

Brit. (lille meg) sa...

Artig å lese mer om deg! Jeg er takknemlig for at jeg slapp denne, for det første liker jeg ikke så godt slike utfordringer, men det er ikke bare det. Jeg synes oppgavene var vanskelige. F. eks. ser jeg veldig lite på TV......
Det blåser mye her også, jeg går ikke ut i dag, for å spare halsen og bihulene.
Men jeg koser meg inne.
Fortsatt god søndag!:-)

Stine sa...

Eg tek den! Gøy med sånne ting...kjem etterkvart når eg får tid. Ha en fin dag!

Siv sa...

Ej e med:)

Siv sa...

Oppdrag utført;)