tirsdag 6. januar 2009

Håpet er lysegrønt :0)

No har lysa på juletre brent ned,  advendtsstakane ligg trygt gjemt i ei krå på loftet....... Tilbake er dei gode opplevingane og dei koselege stundene saman med nære og kjære....minnar som vi gøymer djupt inni hjartet ...... Sjølv om kvar ein krok vart litt mørkare, ligg lysare tider framfor oss, med nokre minutt mer dagslys kvar dag :0) Den vakraste årstida bankar forsiktig på døra om ikkje lenge, og alt vaknar til liv - sakte..... men sikkert...... Grøne blad, kvitrande fuglar og herlege lukter vil vitne om nye undre..... for ei herleg VERD.

Havlengt -

Det glitrer av sol i den bratte grend,
det dufter av mark og enge.
Hvor skulle vel våren ellers hen?
Vi venter jo på den så lenge.
Jeg elsker den vår som du knapt kan se,
en blomst som sprang ut i den kolde sne!

Eldar 2005 057

 

Ein lengt stig mot havet, mot fjordvikar blå
der solvinden leikar med krusbylgjer små
og småbåtar duvar ved strender og sund
med blafrande segl i ei kveldsfreda stund.

 

Eldar 2005 051

Der midt mellom strandnelliktuver og skjell
det tonar frå sjøvaska terner og tjeld
som lokkar på ungar på inntørka tang
og hyller sin skapar med jublande sang.

Nikon D 80, August 2008. 5. 1 022

Langt ute bryt havet med brenning mot land.
Lengst inne det skvulpar så stille mot strand
og speglar ein himmel i blærer som brest,
mens solgullet blør seg i hav i utvest.

454

Dei skimrande skyer som haustfarga blad
sviv ør over djupet så svimrande glad,
snøgt skiftar og braglar i former som svinn
til nyskapt dei sviv bort med morgonyr vind.

Leif Bjørn Steinar Vestad

478

 

Alle bilete er tekne av Eldar Fjørtoft, og motiva er henta frå og rundt øya vår der ute i havgapet.

 

Ei herleg tid er i vente..... berre vi har litt tolmod.

 

 

9 kommentarer:

Lille meg sa...

Nydelig! Både bildene og diktet. Ja, vi lengter vel alle litt etter våren i denne mørke og kalde årsrida, med snø og hålke ogregn ogfrost om hverandre.....
Jeg er ikke glad i vinteren, men når det har vært slik vi fikk ha det noen få dager nylig, går det an. Ekte, god gammeldags vinter, med masse snø og knitrende minusgrader. Det er vinter, det. Slik det er nå,er det ikke noe greit. Regn og vind og glatt føre. Nei, det er best å holde seg innendørs da.Men ut må man jo likevel noen ganger.....
Jeg har også ryddet vekk det meste av jula, tar resten i dag.
Ha en flott dag, enten det er sånn eller slik med været!

Tove sa...

Flotte bileter du viser!!! Diktet sette meg verkeleg i vårstemning...
Kjekt å treffe på deg tidlegar i dag, må sjå om vi klarar å realisere eit bloggtreff på vårparten! Vi er mange bloggarar i Ørsta etterkvart!

kate sa...

Nydelig dikt med nydelige bilder til:)
Jeg er veldig typisk vår og sommermenneske, er slettes ikke glad i vinteren, men man må jo bare gjøre det beste ut av ei kald og mørk årstid:)
Ha ei fortsatt fin uke:)
Klæm fra Kate:)

Steinbokkjen ;o) sa...

Nyyyyyyydle bilde og dikt ;o)
Gooooooooodt nytt år forresten!
Suuuper kjekt å finna go ord frå deg - tusen takk!
Du e Gull Go du!
Ha ein hææææææærle dag!
kleeeem

Monika sa...

Heia
Juletreet går ut i dag :)
Her og drysser det berre eg ser hardt på det :-)
Men det er jo så koslelig med dei lysa da.
Flotte bilder fra øya di - har lyst ut dit ein gang eg og.
I morgen får eg kansje ein tur ut til Bud - håper det går i orden med fjøs og hunder
ER jo ikkje berre å reise fra alle dei dyra også.

og vi skal nødslakte ei ku i morgen -- noe eg ikkje liken, men er eit nødvendig onde av og til,

Smil tilbake fra monika

Nunne sa...

Gode tid, for nydelige bilder!
Jeg kjenner kor huden "frys" av stemning...
Godt nytt år 2009!

Klemmer fra Nunne.

Astrid sa...

Først: Godt nytt år i stova:)
Tusen takk for kommentaren, DU varmar Lill!
Eg ser at du har kosa deg saman med Solstråla di i jula, tenker nok at tida dykkar i lag har gått frykteleg fort? Den har ofte ein tendens til å gjere det når ein har det som best:)
Nydelege bilete du viser oss her, og diktet passa no så flott til! Eg er fortsatt i vintermodus, men eg gledar meg veldig til det vert lengre og lysare dagar ute... Det er det tyngste med januar synest eg; mørkt heile dagen...spesielt når eg har nattevakter -for då søv eg dei timane det er lyst ute:(
Kos dokke alt de kan dei siste dagane no før Silje reiser bort att! Eg gledar meg til å fylgje henne vidare i den lysande karriera si:)

Linn sa...

heia.. så fiiine bilde å dikt tante;) ja kan tenke meg det blir trist når siljemor dra igjen... da får du starte ndetelling igjenn vettø:):) å skrive på bloggen din... snart e det sommer å lysere daga:) jippi:):) kleeem

Anonym sa...

Kjempe flott dikt, Lill! :o) Gle mej t våren å sommeren stend på døra! No e d litt nok me regn, sludd, snøv å regn... Hadde d bære vøre snøv å sol!!

Ha en fin kveld videre!

Anette :o)