tirsdag 10. februar 2009

Å vere toppidrettsutøvar og fulltidsstudent krev si KVINNE....

 

Sidan bloggen min heiter

Silje The Mustang,

så vil det med jamne mellomrom kome stoff om SOLA mi her:0))

3000m hinder EM Litauen 2005 Silje

Å vere toppidrettsutøvar og fulltidsstudent krev si kvinne fullt ut...

For å nå dei måla du har satt deg, krev det at du er målbevist, strukturert og at du elska det du gjer.

Du må vere audmjuk for idretten din, ta et steg om gongen og ha tru på på deg sjølv.

Du må takle medgong så vel som motgong, samtidig som du må ha motivasjon,

og Silje arbeidar hardt for å nå dei måla ho har satt seg, både på idrettsbana og på skulen.

Silje har ein fantastisk trenar, Magne Wullum frå Tingvoll, som veit korleis Silje si trening skal vere.

Han reiser ned til Dallas to gongar i året for å vere der saman med ho.

Så i Påska er han klar.....:0))

!cid_2263C6B138A3479AAAB1A31AE054C02C@LillPC

Silje har travle dagar i Dallas, Texas, med to treningar kvar dag og i tillegg 20 timar undervisning på

Southern Methodist University.

(som skal bli plassen der George W. Bush bygger Presidential Lirary)

image

Dagen startar 05.30 for Solstråla mi, med lett frukost før fyrste trening som tek ca. 1- 1,5 timar.

Nå er Silje ein morgonfugl, og det har sine fordelar, for mellom kvar treningsøkt må det minst vere 5 timar,

slik at kroppen får restituert seg skikkeleg.

image

Heim til frukost, dusj og skule. Ein god frukost er særs viktig, og bør etast under 30 min. etter du har avslutta treningsøkta.

Viktig å fylle opp energilagera dine raskt.

Og ein utøvar som trenar så mykje som Silje må minst ha 1500 - 2000 kaloriar meir enn oss kvar dag.

NM_inne_2007_Silje_Fjortoft

Skulen startar 09.00,

Biologi, Kjemi, Psykologi, Tysk og Kunstfag krev mykje eigenstudie i tillegg til undervisninga.

Silje valgte Tysk fordjupning på vidaregåande, og har fortsatt med faget der nede.

Målet er å ta ein Minor i Tysk.

Språket fekk ho sansen for på Ørsta Ungdomsskule, der Lærar MØRK var en stor motivator for Silje.

Skulesystemet i USA er annaleis enn her heime, mange oppgåver å skrive, prøver og testar i alle fag kvar veke.

Er du borte frå undervisninga, om så berre for ein time, må du ha sjukemelding frå lege.

Etter endt skuledag ber det heim til leiligheita, der ho delar soverom med ei anna jente på laget.

Nytt påfyll av energi før treninga startar igjen 15.30.

Då går det fort 2 -2.5 time før ho er tilbake.

Det å få trene saman med fleire under gode treningsforhold var viktig for Silje når ho valgte å dra til SMU.

Mellom og langdistanse laget til The Mustangs, består av 10 herlege jenter. (Trenar øvst til venstre)

Dette er jenter som bryr seg, og som er inkluderande på alle moglege områder.

I tilleg til desse, består laget av hopparar, sprintarar, og fysioterapeutar.

image

Middag, lekser, kveldsmat og God Natt rundt 21.30.

Dette er kvardagen "Over There" for Solstråla mi.

Silje spring ulike øvingar på konkurransar, men 3000m hinder er favoritten

Det krever mykje teknikktrening i tillegg til rein løpstrening.

049

Silje har opplevd mykje på idrettsbana og vore med på blant anna EM i Ungarn og VM i Japan.

Og ho arbeidar mot sommarens store mål som er EM for U23 i Kaunas, Litauen.

Det store framtidige målet er OL i LONDON  2012

Takk for at du tok deg tid til å lese, det betyr enormt mykje for meg:0)

Klem frå mamma'n til Silje  

18 kommentarer:

Stine sa...

For et flott innlegg Lill! Kjempekjekt å få lese så mykje om Silje. Ho er bra flink - berre det å motivere seg til å trene så mykje, i tillegg til å gjere det så bra på skulen er utrulig. Står respekt av det. Flink jente!

Lille meg sa...

Oi! Dette var voldsomt!
Hun har sannelig et hardt program der borte, Silje!
Det er ikke noe latmannsliv der, nei!
Jeg skjønner stadig mer at du er stolt av henne.
Men, selvfølgelig, du hadde jo vært like stolt av henne om hun ikke hadde kjørt seg så hardt også....
Ha en fin dag!

Anonym sa...

WOOOOW!!! :o) No blei ej rett imponert her!! :o) Detta ekje d alle so klare! Silje e bære kjempe dyktig! Sjøna gøtt att du e stolt, Lill!! :o)
Lykke tej videre Silje, STÅ PÅ!! :o)
Ha en strålande tirsdag! :o)
-Anette-

Ulla sa...

Litt av nokre daga Silje he. Ho e kjempeflink som e so strukturert og he sånn en innsats heile tida. Ekstra kjekt då at innsatsen i kvardagen vise igjen i løpa!

Stine sa...

Test

Monika sa...

Du kor flott det var å lese om silje - har drevet litt med fridrett selv - men det er veldig lenge siden.
men husker kor viktig det var med samhold, god humør og ein go trenar og ikkje minst noen som brydde seg hjemme ;)
Og det har silje - hadde vert artig om ho kom til ol da :-)

Klemma fra monika - som skal ut på tur -- og JIPPI kabelen er kommet på plass igjen

Lykkelita sa...

Oppdaget deg etter å ha sett en kommentar du la igjen hos Julie. Skjønner godt at du er stolt av datteren din, for et program hun har. Men det er klart at hun har gjort prioriteringer i livet sitt for å kunne være topp-idrettsutøver. Jeg tar av meg hatten for sånt!
Ellers likte jeg bloggen din kjempe-godt. Du presenterer bildene dine så vakkert.
Ha en fin ettermiddag. Klem:)

Anonym sa...

Har ho ikkje andre fritidssysler? Kva med fest, shopping etc? det er når ein er ung ein skal gjere alt dette..

Lill sa...

Til Anonym
Fyrst av alt gi deg til kjenne. Dessutan er festing lite foreneleg med toppidrett, og shopping får ho tid til.

sirJack sa...

Hei! Takk for kommentar på blogen min :-) Spennende å lese om Silje, to av barna mine har amerikansk far og har bodd der borte i perioder. Det var en fornøyelse å lese blogen din og se de vakre bildene! Hilsen Siri.

Julies sa...

Så artig å være stolt av ungene sine ! Du er heldig....
Nå kan det høres ut som om ikke jeg er det samme, det er jeg jo absolutt...
bare hyggelig at du linker meg, vil jo gjerne at du kommer innom igjen, vettu !

kate sa...

Jeg tar virkelig av meg hatten for Silje:)
Så målbevisst, strukturert og flink ungdom skal man virkelig leite lenge etter:)
For en lang og travel dag hun har, jeg er sikker på at hun får oppfylt sine vakreste drømmer den jenta og du har all grunn til å være stolt av henne:)
Klæm fra Kate:)

Steinbokkjen ;o) sa...

Gler meg t OL .... flott innlegg - som alltid ;o)
Du og bloggjen din gler hjerta mitt - så Besta's award e midt i blinkjen å gje t deg - frå meg..
Ha ein vidonderle dag!
kleeeeeeeeeeeem

Randi sa...

Heia Lill !!

Å tusen takk for fine ord!!
Men du,eg vert heilt annpusten eg berre av å lese korleis ho Siljemor lever kvardagen sin...puh!Shit,knall tøff og dyktig er ho!!!All ære til Silje!!!
Jau da,no skal eg prøve å komme meg inn til Moa eg igjen Lill for å hente ein ny låne pc :o):o)jøye for eit styr!!Å fingeren går det ok med,den banker berre litt no;))Men farken tute kor det snøva du!!ÆSJA!!Er ikkje spes glad i all den snøven eg da :o)Å her fyk det i tillegg veit du,så vegen ser ein ikkje...Å Tore kjøyrer brøytebil dag og natt no:o)er ikkje vant med slikt:-))Heldigvis så er mannen heime her så han brøyter til oss med traktoren:-)))
Ja men du frue...kjem vel ikkje hit ut no da du før snøven har reist...sånn til påske?:o)
ha ein fin strikkedag Lill!!:-)
Klem frå meg til deg!!

Tove sa...

Så utruleg kjekt å få eit innblikk i kvardagen til Silje! Og når det gjeld den anonyme "kommenteraren", så hadde du eit knakande godt svar til vedkomande! Dessutan er det vel ikkje all ungdom som er oppteken av festing???? Silje har andre prioriteringar og det står det STOR respekt av! Mange hadde hatt godt av å tenke litt meir målretta. Heia Silje - tenk om ho kjem til OL!

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

Hei Lill!!
Et kjempefint innlegg om SOLA di!! Kjekt å få et lite innblikk i kvardagen til Silje "over there" :)
Eg ser ho springande rundt her i Ørsta mest kvar dag når ho er heime på "ferie", ei flotte taus!! Tenk om ej kunne hatt en brøkdel av hinna sjølvdisiplin!?!!
Du e vel klar for spelekveld du no, kos dokke :) :)
klem

Besta sa...

For ei kvinne!!!
Kan berre tenkje meg kor stolt du må vere Lill. Ho må ha jernvilje den jenta. I tilleg må ho vere full av sjølvdisiplin og svært så målretta. Etter å ha lest innlegget ditt, hadde eg meg forresten ein liten prat med ein viss herr Mørk i dag. Fortalde om det du skreiv, og han ville nok ikkje ta på seg "skulda", den måtte Silje ta sjølv:-)

Heia Silje, stå på og du når nok måla dine.

Miamor sa...

Skal si du har ei tøff jente..for dette krever sin kvinne...og godt å lese varme ord fra ei mor som er langt unna..
Når det gjelder å få bilder over på lin..så bruker eg print for T-shirt. Dette får du kjøpt på hobbybutikker..eller på bokhandler..Haugen i Volda har sikkert dette.Så printer du ut bildene dine med disse arka i skriveren..husk å speilvende dei først hvis det er tekst...når du har fått dei over på T-shirt printepapiret..legg du dei med bildet ned på linet..og stryk det på...og vips..... Lykke til...