mandag 23. mars 2009

Nytun..... vår andre heim :0)

image

Øvst oppe og litt til høgre ser du Nytun avmerrka på kartet,

og det er hit eg SNART skal dra.....

PÅSKE..... og eg kjenner eg verkeleg eg ser fram mot mange koselege dagar her ute i havgapet.

Her har vi gode vennar og familie som alltid stiller opp og lyser opp kvardagen.

Og som har TID.....

Eg har sagt det før.......

Her ute går LIVET litt saktare :0)

Og det er ikkje berre ei øy..... for her ute ligg mykje historie framleis urørt.

Fjørtofta, eller Fiartopth som er det gammalnorske namnet på øya, tyder "tufter langs fjøra".

Fjørtofta er den nordlegaste øya, ikkje berre i Haram, men på Sunnmøre.

Den er og den minste og flataste av Nordøyane med Æafjellet, 112 m.o.h., som høgste punkt.

Fjørtofta er nasjonalt og internasjonalt kjent for svært spanande berggrunn og landskapshistorie.

Utgravingar og forfunn kan dokumentere busetjing trulig i omlag 8000 år attende.

image image

Smykkesettet og trespenna vart funne i ei kvinnegrav her ute på øya.

image

Fjørtoftneset

Her kan du ta deg ein eineståande tur til fyret som ligg heilt ute mot storhavet,

og nyte ein spektakulær solnedgong på fine dagar

Nikon D 80, August 2008. 4. 4 005

Store deler av Fjørtoftneset er naturreservat.

For 6000-7000 år sidan stakk det berre ein ringatoll opp av sjøen her,

noko du kan sjå merke av etter i terrenget innanfor fyret.

Her ligg ein stor ringforma voll av rullesteinar.

Fem gravrøyser ligg i nordenden av området.

Fjørtofta har fleire badestrender med kvit herleg sand......

268 

Har du sykkel er det inga problem med øyhopping på Nordøyane,

og Fjørtofta er sjølvsagt eit naturleg val.

Kjem du sa du? Berre gi beskjed....

Så set eg over kaffien :0)

Er det noko rart at eg STORTRIVAST her ute i havgapet.....

149

og når krabbekrabbeteinene er fulle med delikatessar frå storhavet..........

har eg funne det GODE LIV !

Eldar 2005 051

Slik e` øya vår

393


"Ser du havet blånar der ute,
pustar dovent når det stryk seg mot land.
Som ei dyne, brukar stranda til pute
og gjer seg mjuk mot ei himmelrand."


Ny Nikon D 80, Juli 2008. 8. 1 026
Tekst: Lasse Larsson Fjørtoft

Og på Nytun skal eg nyte nettopp det..... det gode liv

104-0458_IMG

Der alle rom har ulik farge og stemning......

her er ingen nymotens interiørstasj......

og godt er det.......

Kitchen - summerhouse Dinningroom - summerhouse (2)

Livingroom in our summerhouse 

Trappa opp til annen etage knirkar.... og slik skal det vere i gamle hus.

Ein gong budde det to familiar her..... 4 born,  mor og far oppe,

og det same nede.... så her var aldri stilt.

Men før det... i mai 1933 starta Toralf Fjørtoft å bygge Nytun,

og i oktober flytta dei inn. Det fyrste huset på den sida av øya var reist.

Ingen veg var her den gongen, alt er gjort med handemakt.

Så det er med ei viss andakt eg låser opp døra kvar gong vi kjem,

her ligg mykje historie i veggane.

Nytun er barndomsheimen til vår kjære nabo Turid, som er gift med Kårmund,

101-0112_IMG 

og vi har mange koselege stunder ilag :0)

See You soon

Snart "Påske_smil" frå Lill

10 kommentarer:

Unknown sa...

Så flott innlegg, Lill:0)
Må vere fantstisk å ha ein sånn plass å reise til...
Der ein finn ro og balsam for sjela...
Mykje spennande historie er det og å finne, fantastisk natur og herlege strender...
Krabbe er jo og noko av det beste som finst...
Ha ein fin dag, Lill
Klem
Klem

http://cias-75.blogspot.com/ sa...

Intressant blogg. Och vacker!
Ha en bra dag!

rod i hob sa...

Åååå -så herlig innlegg! Her kunne eg virkelig drøyme meg vekk litt :-)

Randi sa...

Heia Lill!
Å du store,dette var reine historia om øya vår!!SÅ FLOTT DA,Å AKKURAT SÅNN ER HER JA,DET VEIT OSS ALT OM OSS SOM BUR HER:-)))
Så eg håper berre at denne reklama gjer det slik at det kansje er fleire som har lyst til å ta turen hit ut,alle er velkommen hit;)))
Du er super flink å reklamere for øya vår du,all ære for det til deg Lill !!
Ha ein fin fin dag! God klem til deg!

Brit. (lille meg) sa...

Å, men her ser det herlig ut!
Så dette er ditt tilfluktssted, skjønner jeg!
Herlig plass!
Ha ei flott uke!:)

Synnøve. sa...

Hei i vårsola.
Kommer gjerne på besök eg. Stortrives som sagt der oppe. Savner havet og fjellene....
Skal ut og gå en tur i det flotte väret nå. Med fotoappart og bikkje.
Så det kommer nye bilder snart.
Nå får du ha en fin mandag.
Klems Synne.

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

hei lill!
for et flott innlegg!! og nyyyydelige bilder, en fantastisk fin plass fjørtofta!
vi skal også tilbringe påska i havgapet, på lepsøya, hos snilde gode mormor :)
og d e jammen sant som du skrive....tida står liksom litt stille der ute....og det e godt å kjenne på av og til! klem frå elisabeth

Silje sa...

Takk for koseleg og oppmuntrande kommentar, alltid kjekt med kommentarar frå deg Lill!!! Ser ut til at du har mykje å gle deg til, og at du kjem til å få ei glimrande påske :))

trineb sa...

Heisann!
Flott innlegg, då ;-)
God reklame, og nærast ei kjærleikserklæring. Men no ser eg no på dette med fjørtoftsauge, ein gong fjørtofting, alltid fjørtofting... Og så fekk eg slik heimlengsel.. Men eg skal på Fjørtofta i påska, eg og :))

Åshild sa...

Hei Lill! Var innom bloggen din og fekk sjå bilete frå Nytun, det varmar. Nytun har ein spesiell plass i hjartet mitt. Lenge sidan eg har vore inne der no. Spennande blogg du har, er innom å kikar no og då.
Klem frå Åshild