onsdag 11. mars 2009

Raudt kort for sleivspark og stygge taklingar.......

1211740524000_200px-Red_card_svg_1922000298x510r

Her i bygda har vi eit Amfi kjøpesenter....

Det hendar eg frekventerar der....altså på AMFI....

anten for å handle mat, kikke i butikkar eller berre rusle når dagane blir for lange.....

Ein dag i forrige veke var ein av dei dagane......

etter ein etterlengta kaffe og gulrotkake på FUGL FØNIKS,

image image

gjekk turen til senteret......

Helste på fleire på min veg til bokhandelen......

og der oppe, medan eg sat i ein stol og bladde i ei bok bak ein reol. høyrer eg nokre ørstafruer jabre seg i mellom......

"Du.... var ikkje det mora til ho som spring og driv friidrett?"

"Jaudå..... og so er ho ei av desse bloggdamene i bygda..."

Lurte litt på om eg skulle reise meg og sjå kven som prata......

men valgte å sitte i le bakom reolen.........

og jabringa forsatte....

" He vore inne på desse bloggane deira...... skjøna ikkje at dei har tid......

og gidder......

berre vas det som står der"

Det var eit samstemt hylekor .....

Røystene stilna......

og eg kjente at eg vart ganske opptrekt der eg sat.....

Hadde lyst til å seie nokre velvalgte ord til dei kritiske røystne.

Reiste meg......

men borte var dei..... og kanskje det var til det beste.......

Meg hadde dei tydelegvis ikkje sett.........

og ikkje eg dei heller........

forfra......

men tre rygger gjekk bortetter korridoren........

image

Men.... eg veit dokke er her inne og les det vi skriv........

Nysgjerrige kanskje..........

Huff då.....ikkje bra,

men inn på bloggane våre skal dokke,

for å sjå....

endå dokke høgt og tydeleg kan fortelle at det berre er VAS......

så flott......

då har du noko å prate om neste gong du treffer dine medsamansvorne......

Då kan dokke diskutere, sladre og seie kva dokke vil.......

Men hugs å sjå dokke bak ryggen.......du veit aldri ......

image

Så derfor kjære kritiske røyster......

Velkomen til Blogglandia

Her kan du lese om alt det du kalla berre VAS....

og lure og fundere på kvifor vi gidder...

og korleis vi får tida til å strekkje til.......

Så neste gong eg kjøper meg ein ny nasehårfjernar....

er kanskje DU den fyrste som får vite det......

kult.... ikkje sant?

Og medan du er her inne.......

kan du ta med deg det RAUDE KORTET......

Det får du for sleivspark og stygge taklingar.

Pappa lærte meg eit vers som dokke "Frustrerte" Ørstafruer skal få med på kjøpet:

Tro ikke alt hva du hører,

Si ikke alt hva du vet.

Så sparer du mange bører,

på sinn og samvittighet.


Noko å tenkje på det ......

Bileta er henta frå

http://www.piaolsen.com/www/illus_en.html

18 kommentarer:

Tove sa...

Fantastisk, Lill!!!! Både historia og måten du skildra det heile på! Men dette hevar vi oss over, veit du! For om det er noko som er vas, så er det nettopp slikt prat! Det er som med Se & Hør: ingen les det, men alle veit kva som står der! Og dei som "ikkje les det og som veit alt som står der", er bladet sine fremste kritikarar! Typisk.... Kanskje du kunne sende denne til avisa òg, he, he.....

Tove sa...

Var berre ein ting til; sjeldan har eg lese eit så godt innlegg... Du kan jammen å få sagt det!

Lill sa...

Tusen takk Tove:0)
Ja klart med hevar oss over det, og forresten ...... må vere misunning ute å går blant dei fruene....:0))

Siv sa...

Hehe, ditta va knakande godt skreve!! Jepp, heilt klart misunnelse! Blogglandia er ein koseleg stad å vere! Ei avslappande stund med fine bilder og gode historier!Så stå på du, Lill, og bry deg ikkje om snerpete ørstafruer;)

Lille meg sa...

Knallgodt skrevet,Lill!
Ja, det er nok mange som leser bloggene våre av ren nyssgjerrighet også, og som aldri kan tenke seg å legge igjen en kommentar. Du har jo konkrete eksempler.
Men det er nok litt misunnelse også, ja,for dette med bloging er nok noe de ikke mestrer, og da må de ha noe å snakke om!
Du kan gå oppreist og med hevet hode!

Monika sa...

Heia Lill
for det føste - dette fortjener du IKKJE
for det andre - kor bra at du klarte å sitte rolig og høre på ;)

og kor bra at DU klarte å lage eit flott innlegg om det også
Så no håper eg at noen fine ørsta fruer får seg ein liten smekk

Klemma fra monika
ps - eg er iallefall veldig glad for at du TAR deg tid til bloggen

Stine sa...

You go girl! Fritidsproblemer dissa damene der, eller så har dei det ikkje så bra med seg sjølve heller. Kjempebra skrevet!

Randi sa...

Heia Lill!!
Men kjære vene......kva i alle dager eg les!!!Ære vere deg Lill som klarte å halde deg i ro,det hadde IKKJE eg gjort NEI!!Fy F....å dette kaller du FINE FRUER...nei nei...
Eg håper dess damene leser ALLE kommentarane her!!Dei kan IKKJE vere rett navla,å kva for i alle dagar og pokker`n GIDD dei å bruke av si fine tid til å lese alt "tullet" da,jau dei har nok lite å gjere på kansje:-)))))
Men det skal du ha igjen Lill,SUPERT GODT SKREVET AV DEG!!!
Ha ein kos kveld i fine veret!Hels mannen! Klem!

Dagny sa...

1000 poeng til deg! HA! Dette hadde dei godt av. Godt skrive og godt sagt.
Så kan dei berre kose seg med slarvet sitt, det er tydelegvis noko dei kan!!!
Ikkje forstår eg at dei har tid til slikt, og så er det berre VAS som kjem ut av munnen på dei.

Og den Jantelova....

Men dette heva du deg fint over! Forstår ikkje kor du klarte å la vere å kikke :-D

Astrid sa...

Eg kakkar meg på lag med Dagny; 1000 poeng til deg Lill!!! Dette er ÅRETS innlegg, hadde vore artig å lese innlegget i Møre Nytt og Møre også:D
SNAKK OM VAS på desse damene, dei pratar etter som dei har vet til :) Ein lyt berre prøve å heve seg over slikt, stakarane har nok ikkje store trafikken gjennom synapsane sine etter den overhøyrde samtalen å døme... Og misunning; ja heilt klart!! :D

Jantelova gjer folk så patetiske...

Fortsett som før du Lill! Du gjer kvardagen rikare både for oss bloggdamer og for bloggkritikarane:)

(P.S: FY kor provosert eg vart!!!)

sammen på veien sa...

Du og du min venn!! For en opplevelse du har beskrevet her!
Men smil ble det her også, og takk for at du deler dette med oss andre:) Flott skrevet også!!!

Et vennskapskort til deg fra meg

Silje sa...

Dette vil eg kalle ein eikte innertiar av eit innlegg!! Heilt utruleg bra Lill, dette hadde dei godt av; vær du bra sikker på at dei les det.....

Men kva med dei?? Kor i alle dagar har dei tid til å sitte å lese alt dette vaset vårt?? For det må jammen være tidkrevjande for overnysgjerrige sjeler! Kvar si lyst, seier eg.

Imponert over at du ikkje kika etter kven det var, eg sjølv hadde sikkert ikkje greidd å halde meg, men komt med diverse uheldige glosar...sikkert best du lot være på alle måtar, ein får ta det med humør.

Ynskjer deg ein triveleg kveld, og stå på vidare, vi i Blogglandia er stolt av deg og oss sjølve, så får dei andre styre med sitt ;)

Dagny sa...

Har laga den på http://www.mylivesignature.com
Til slutt i prosessen kan du få opp HTML-koda for signaturen, den har eg lagra i eit vanleg word dokument. Når innlegget er ferdig går eg frå vanleg skrivemodus til HTML-visning, kopierer koda frå w-doku. og limer den inn nedst i innlegget, lagrar og vips (forhåpentlegvis...) har du ein signatur.

Dagny sa...

Om dette var dårleg forklart eller du ikkje får det til, må du gi eit pip ;-)

Line sa...

Dette trur eg må vere det beste blogginnlegget som er skreve i Blogglandia, Lill!!
1000 poeng og ein ekte innertiar!!
Beundrindverdig at du klarte å sitje i ro:0)
Dei har no tydelegvis lite å gjere på då, sidan dei har tid til å lese om alt våste vi skriv her inne...
Så då får vi håpe og tru dette vert lest og!!
Klem(og tross alt) ein liten latter(for det seier vel meir om dei enn om oss;9))

Englemor sa...

ÅÅÅÅ du skildrar hendinga di so godt.. Sikkert mange der ute som har opplevd lignade situasjonar. Slarv synest eg er det verste med å bu i bygde Noreg.. For det er utrulig mykje slarv her...
Etter at bygdeavisen våra hadde innlegg med litt forskjellige bloggar, har eg høyrt ein del forskjellige kommentarar... Veldig mykje positivt, men også ein del negativt.. Va ei "kjærring" som ikkje kunne forstå at eg kunne ta meg tid til dette.. Svarte: "at det er ei interesse på lik linje med andre interesser.. men som eg styrer fullstendig sjølv.. Gratis er det også... ikkje akkurat like dyrt som det treningssenteret som du er på mange gangar i veka" Vart litt sutrete da ja :)

Kanksje vi skulle hatt eit bloggtreff på Amfi slik at fruene får meir å snakke om ( knis)

Emmas Verden sa...

;)Du kan få sagt det Lill...superbra skrevet!!! Håper disse gretne damene leser innlegget og alle kommentarer,kanskje kan dei lære noe??? Men jeg tviler..noen er bare ute etter andre for å fremheve seg selv..Kjekt at du stakk innom meg og butikken..du er hjertelig velkommen igjen ;)Klem Anne

trineb sa...

Flott skrive, og flott du bloggar det!! Håper nokre av desse "damene" tek turen innom deg, med resultat at dei får ein skikkeleg ekkel smak i munnen...
Stå på!
(Du står på blogglista til Stine, så eg er innom deg av og til - flott blogg!)

Ha ein fortsatt triveleg kveld!
Helsing veslesøstra til Ottar ;-)