mandag 9. mars 2009

Å vere flink.....

013

Har fått ei utfordring av Dagny i Heim om å skrive tre ting eg er flink til......

Hjelp......

her skal eg seie noko positivt om meg sjølv.....

og det er noko eg ikkje er flink til, så eg vurderte seriøst å droppe den saka Dagny....

Jantelova... Du skal ikkje tru .....råda.

Men..... ville ikkje feige ut heller.......

SO HERE  IT  COMES

007

Eg elska garn og strikkepinnar...... må ha det.... berre må ha det.....

og øving gjer meister heiter det.

Så eg er flink til å strikke, det kan eg seie med handa på hjartet :0)

Forandre mønstre slik at det blir akkurat slik eg vil ha det... Artig.

030

Sidan eg for tida er utan arbeid, er eg mykje heime....

Og sann mine ord..... eg har søkt på haugevis av jobbar......

men ingen vil ha ei tilårskomen dame.......

men eg gir ikkje opp...

Meina sjølv eg er positiv,  sjølv om det meste buttar til tider...

Då gjer tente lys og nykokt kaffi susen...

eg er eigentleg flink til å halde MEG SJØLV med selskap.....

IMG_1063 
Eg er flink til å følge opp Silje, sjølv om ho er laaaaangt unna.

Viktig både på gode og mindre gode dagar, og dei har vi alle....

Ho veit ho kan ringe når som helst på døgnet viss ho treng det.

Det er fyrste prioriteringa mi so lenge ho er i Dallas, Texas.

Hmmmm...... då har eg skrytt godt av meg sjølv.....

og no håper eg  Randi i Kvit Rose tek utfordrina :0))

Nyt kvelden.

"Sjølvsikkert" smil frå meg

 

1 kommentar:

Lille meg sa...

Ja, Lill, du ER flink til å strikke! Det har jeg sett gjennom bloggen din, og ved at jeg fikk de lommetøflene!
Og at du følger opp Silje, kan ingen betvile. Du er ei super dame!
Og du skal se du får deg jobb også, for du står på og gir ikke opp!
Ha ei flott uke!