torsdag 5. februar 2009

I går kortkveld ....idag gåsungar, lys rosa gerbera og utmerking frå Randi i Kvit Rose og Steinbokkjen :0)

 

Olivenbrød, lakrisbåtar, søte skumtoppar, brus, vatn, potetgull, kaffi......

KORTKVELD!!!!!

008 (6)

I går var det onsdag og Anne Grethe og Petter var her på vår tradisjonelle KORTKVELD,

Det er berre så artig og sosialt og vi storkosa oss :0)

Vi spelar ikkje berre kort men stappa inn litt anna også.....

Picnik collage29

Eg kjøpte ferdige runde olivenbrød på den lokal bakaren,

men her kan du lage vanleg gjærdeig (grov eller fin) med soltørka tomatar og oliven i.

Om du lagar flate runde brød eller har det i ei langpanne spiller ingen rolle.

HUGS å forsteik brødet ferdig fyrst:0)

Smør på Grøn Pesto

Ha på litt meir soltørka tomat i olje og Oliven

Legg på skinke, pepperoni eller spekeskinke...

I går brukte eg Serano skinke.

Dryss over ost.

La det stå i omnen på ca. 175 grader til osten er smelta.

Mmmmmm anbefalast på det sterkaste :0)

Picnik collage30

Når maten er vel tygd, leitar vi fram korta, snopet og kaffien......

Ikkje heilt sunt men du store alpakka SO GODT!!!

Picnik collage31

Vi fører nøye rekneskap over spelinga, og igår kom Fam. Sandnes med heilt ny

speleblokk med personleg preg designa på PC'n i Lerkevegen.

Bilete på framsida er henta frå ei herleg helg inne på Aurstad i sommar, ei perle inne i Austefjorden.

Tusen takk for i går kjære venna og for den flotte speleblokka :0)

Picnik collage32

Idag fall eg pladask for nokre gåsungar i ein lokal blomsterbutikk......

minna meg slik om våren......

Satt dei saman med nokre lyse rosa gerbera og no står dei så flott å pynter opp i stova.

image

Så til slutt ei utmerking som eg har fått av Randi i bloggen Kvit Rose

Tusen tusen takk kjære venn og GRATTIS med din fyrste Utmerking

Jippi :0))

image

Og så ei utmerking frå Steinbokkjen,

Tusen tusen takk :0)

Desse vil eg dele med alle som er innom og helsar på :0))

Nyt resten av torsdagen alle bloggvenna

Smil frå meg :0)

8 kommentarer:

Kate-Marita Pettersen sa...

Så koselig med kortkveld med gode venna:)
Det brødet hørtes veldig godt ut!
Jeg fallt pladask for den vakre collagen med gerbera og gåsunger, nyyydelig var den:)
Ha en flott ettermiddag og kveld,
klæm fra Kate:)

Brit. (lille meg) sa...

Gratulerer med utmerkelsene!
De er så vel fortjente!
Jeg takker og tar dem med meg til nybloggen min. At jeg har fått dem før, spiller ingen rolle, jeg blir like glad hver gang jeg får en utmerkelse.
Det høres godt ut det der du serverte i går! Jeg er sikker på at det falt i smak også.
Gåsunger og gerbera! Nydelig! Minner om vår, ja.
Ha en fin kveld!

Unknown sa...

Så masse flotte bildecollagar:0)
Må vere utruleg koseleg med sånne kortkveldar!!
Gratulerer med velfortjente utmerkingar og...
Fin kveld til deg, klem

Randi sa...

Heia Lill!!

Å takk for helsinga!!
Først må eg sei,ikkje nok med at du er knall flink å strikke,jau jammen ta så kjem du med dei fristande brød bilda her og....sukk!Å dei såg kjempe god ut!!
So smart den kalendaren var da,dokke er så kreativ som det berre går an..flinke!!
Å so...grønn prikka kruse å puter ja:o) Jau,spørst om du må ta turen over til Emmas Verden ja;))
Ja men da må du nye siste rest av kvelden Lill!
Skal helse frå mannen her til dokke to!
Klem!!

Anonym sa...

Åååå... Ej bli nesten dårli ta å sjå so masse godteri :o) E soooo godtesjuk, hehe :o)
Håpe du he blitt frisk igjen, Lill! Dokke må komme dokke utover å få meir frisk luft ;o)
Alt bra der inne?
Klem
-Anette-

AnneGrethe7 sa...

... eg kan skrive under på at alt Lill servera smakar himmelsk:) Ei dame med skikkeleg husmorsertifikat....hihi....og kortkveldane våre er balsam for sjela, ikkje for sideflesket:)

Dette har vi gjort i mange år og gler oss like mykje til kvar onsdag:)

Set utruleg pris på dokke Lill:)

Klem

Silje sa...

Det ser ut til at dåkke verkeleg kosar dåkke desse kveldane! Kjekt å være ilag :) Var mykje fristande her hos deg, kanskje det blir både det eine og det andre, det er jo helg, hehe.... Takk for kjekke helsing på bloggen min idag, vil ynskje deg og dine ei flott helg, og nyt fineveiret ja..vi kryssar fingrane for at det varer ei stund til!!

Miamor sa...

..innom for å ønske deg ei god helg, Lill...og så trivelig med kortspill..man kan gjøre dagen god ..Lag ei super helg ;)