fredag 10. oktober 2008

Ei helg med balsam for sjela.......

Fredag alt....... dagane berre flyr. Idag drar vi til øya ute i havgapet, nærare bestemt FJØRTOFTA:) Ei lita øy med varme og gode menneske, der livet går litt saktare og der sjel og sinn finn RO! Huset der ute er bygd i 1933, og heiter Nytun. Det var det fyrste huset på den sida av øya, og vi er så heldige at vi kan kalle det vårt!  Her tilbringer vi feriar og helgar, dyrkar poteter, gulrøtter, sukkererter, jordbær og GODE VENNSKAP!

104-0457_IMG Dinningroom - summerhouse (2) 

Kitchen - summerhouse

Livingroom in our summerhouseHer er det berre å ta med strikketøyet å gå ned til det koslege pensjonistekteparet Turid og Kårmund, Turid er forresten fødd og oppvokst på Nytun. Eller stikke bort til Janne og Kjartan for ein hyggeleg prat. Svigerforeldra mine bur der ute, og nystekte sveler med rørt bringebærsylte står ofte på bordet der:)

055083 Her ute trives også Silje kjempegodt, og treningsmoglegheitene er flotte. Øya har egen grusbelagt løpebane rundt forballstadion, og mykje slit og svette ligg att på Fjørtoft stadion:)

040015

162111-1142_IMG

 145165

Ute på denne PERLA kan du nyte solnedgangen og "høyre" kor ho freser når ho går ned i havet, ta deg ein fjelltur for å sjå utover heile øya, eller berre rusle i fjøra og fundere over naturens under.  Her er fleire badestrender med herleg sand, handelslag der du får kjøpe det mest nødvendige eller krype inn i sofakroken når hauststormane ular utanfor. Det er det GODE LIV og det finn vi her ute........  Nyt helga:)

 

3 kommentarer:

Stine sa...

Her var mange flotte bilder. Kos dåkke på Fjørtofta i helga. Ivar og jentene kjem en tur i morgen når Ivar skal spele kamp. God helg!

Fam.Sandnes sa...

Flotte bilete Lill. Ha eividunderleg helg, skulle gjerne ha vore med dokke. Blir stille og roleg her med oss. bror hadde 38,7 i feber i kveld att. Håpe at han blir fort frisk!

God helg vennen!

Klem

Tove sa...

Kor flink du er som har fått til å lage ein litt annan bakgrunn på bloggen din!!! Har ein del linkar til sider som har slike gratis- bakgrunnar, men har aldri tort å legge dei inn pga at eg redd alt eg har forsvinn..... Var det enkelt??? Kanskje eg må driste meg til ein dag...