Fredag alt....... dagane berre flyr. Idag drar vi til øya ute i havgapet, nærare bestemt FJØRTOFTA:) Ei lita øy med varme og gode menneske, der livet går litt saktare og der sjel og sinn finn RO! Huset der ute er bygd i 1933, og heiter Nytun. Det var det fyrste huset på den sida av øya, og vi er så heldige at vi kan kalle det vårt! Her tilbringer vi feriar og helgar, dyrkar poteter, gulrøtter, sukkererter, jordbær og GODE VENNSKAP!
Her er det berre å ta med strikketøyet å gå ned til det koslege pensjonistekteparet Turid og Kårmund, Turid er forresten fødd og oppvokst på Nytun. Eller stikke bort til Janne og Kjartan for ein hyggeleg prat. Svigerforeldra mine bur der ute, og nystekte sveler med rørt bringebærsylte står ofte på bordet der:)
Her ute trives også Silje kjempegodt, og treningsmoglegheitene er flotte. Øya har egen grusbelagt løpebane rundt forballstadion, og mykje slit og svette ligg att på Fjørtoft stadion:)
Ute på denne PERLA kan du nyte solnedgangen og "høyre" kor ho freser når ho går ned i havet, ta deg ein fjelltur for å sjå utover heile øya, eller berre rusle i fjøra og fundere over naturens under. Her er fleire badestrender med herleg sand, handelslag der du får kjøpe det mest nødvendige eller krype inn i sofakroken når hauststormane ular utanfor. Det er det GODE LIV og det finn vi her ute........ Nyt helga:)
3 kommentarer:
Her var mange flotte bilder. Kos dåkke på Fjørtofta i helga. Ivar og jentene kjem en tur i morgen når Ivar skal spele kamp. God helg!
Flotte bilete Lill. Ha eividunderleg helg, skulle gjerne ha vore med dokke. Blir stille og roleg her med oss. bror hadde 38,7 i feber i kveld att. Håpe at han blir fort frisk!
God helg vennen!
Klem
Kor flink du er som har fått til å lage ein litt annan bakgrunn på bloggen din!!! Har ein del linkar til sider som har slike gratis- bakgrunnar, men har aldri tort å legge dei inn pga at eg redd alt eg har forsvinn..... Var det enkelt??? Kanskje eg må driste meg til ein dag...
Legg inn en kommentar