torsdag 23. oktober 2008

GÅVE og handletur på Misjonsutsalet for gjenbruk i Ørsta :)

2

Tusen takk Anne Grethe for den nydelege skåla med lokk eg fekk av deg igår :)- og eg har ikkje bursdag eingong.

Vart så utruleg glad, den skal fyllast med NAMMIS ....... No står ho å pryder bordet mitt.   

1

Idag stakk eg innom Misjonens Gjenbruks butikk her i Ørsta. Sjelden eg er der, men den som leiter han finn :)) .....og eg fann forskjellig som var rett så vakkert:)

3

008

To flotte fat og eit mindre pluss ei sultetøyskål med "hengande" skjei - og det til slikk og ingenting.Pussemiddel, såpevatn og ei mjuk fille gjorde underverk på "skattane". No står dei så fint og skin med lys på..... ein treng slett ikkje berre ha nymotens dilledallerier:) Anbefalar ein tur innom der - ein veit aldri kva ein finn.

5

6

 

Ha ein vidunderleg torsdag.... og hugs..... DET ER SNART HELG :)

3 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Flotte greier......og den sylteskåla likte eg.......vi må ha oss en tur innom der ilag snart. Hugsa du marknaden i Hals, hadde vore supert å opplevd d igjen...
Emma har heldigvis ikkje spydd sida i 16.oo tida...kryss fingrane,,,,no ar ho fått seg ny film og ser den medan ho prøver seg på litt French fries....

Klem

Astrid sa...

Tusen takk for den fine kommentaren på det siste innlegget mitt! Det varmar med gode ord, også frå dei ein ikkje kjenner:)
For ein fin blogg du har forresten! Eg fylgjer med Silje i møre-nytt, har gjort det i mange år, og det er kjekt å lese at ho stadig gjer framsteg:) Alle er vel stolte av ungane sine, men de har ekstra grunn til å vere stolte av dei fantastiske prestasjonane til jenta dykkar! Heia Silje!
Legg deg til i bloggrullen min eg, håpar det er greit?
Ha ein fin dag!

Solveig sa...

Takk for helsinga på bloggen vår! Må no berre innrømme at ej he vør innom her mång en gong uten å legge igjen kommentar... Uffa mej, sånt tull ;-)
Du he en veldig koselig blogg!
Angåande syinga mi, so va det faktisk ho Anne Grethe som ga mej lysta te å prøve en gong ho blogga en vognpose ho hadde sydd. Og sia då so he det berre balla på sej. Kjekt med en hobby der en faktisk kan lage nåkke som e nyttig ;-)

God helg!