Utfordring frå Linn
Fekk denne artige utfordringa frå Linn som er ei slik HERLEG jente. Den tar eg på strak arm og graver djupt i hukommelsen for å finne noko som kanskje ikkje alle veit om meg. No skal det seiast...... eg tyter veldig.....:) veit om det, men alt kan eg vel ikkje ha øst ut av meg heller.....
1. 
Begynte med turning i klubben BJART når eg var 5 år. Holdt på til eg var 23, og var det ein kalla konkurranseturnar. Trena 6 dagar i veka. Det var tider det.......................ikkje mykje spagaten lenger her no.

17 år gamal gjekk eg frå hytte til hytte over Hardangervidda åleine. Hadde med telt og fiskestong og var borte i 10 dagar. Hjelp.... skjønner ikkje at eg turte det, men ein utruleg oppleving - ligge i telt nokre netter, andre på Turistforeininga sine mange flotte hytter. Fiske, vandre over fjellet og nyte naturen, kan ein ha det betre?
Leigde eit stabbur når eg var 18 år - atter ein gong åleine - ved elva Driva og fiska med flugestong etter laks ei heil veke. der sto eg med "vaddissa" og flugestonga, det var berre heilt fantastisk:)) Dårleg fiske, men utruleg kjekk veke som eg ser tilbake på med glede:)

20 år gamal kjøpte eg meg ein Ford Cortina 1966 modell, mosegrøn med kremgule "vingar". Dro til ein rallykjøyrar på Bjørkelangen og trimma den opp med ny kamaksel og dobble Weber-forgassarar. Gjekk som eit UVER!!!........... og kva skulle eg med bil som ikkje hadde lappen.....................................

Jobba som kombinert sekretær og lagersjef på boktrykkeri i Oslo. Kjørte truck og henta store pallar med papir, for der etter å gå tilbake til min skrivemaskin, EIN IMB MED KULEHODE OG RETTETAST - når pallestablinga var unnagjort:) Litt av eit liv......
Var med i KFUK, som meis, så speidar og seinare troppsførar frå eg var 7 år. Var på mange speidarleirar rundt om i Noreg:)) Kjempeartig tid, og eg var aktiv heilt til eg flytta til Sunnmøre 23 år gamal.
Hadde ein halvblodshest på halv-fòr i 4 år. Han fòra eg før og etter arbeid, og søndagane var berre våre. Då sala eg opp og la i veg innover Østmarka. Langs dei mange vatna trava vi i monge timar. Sorga var stor då han etter kvart vart sjuk og måtte avlivast. Men minna er der:))
Nå skal nokon andre få grave seg ned i hukommelsen....... derfor går denne utfordringa vidare til:
Anne Grethe, Tove, Astrid og Monica. Lykke til og nyt onsdagen:)
Smil og Klem frå Lill