mandag 3. november 2008

Gullklumpen er 1 år!

Iver August bursdag 1 år Denne sjarmerande prinsen er vi så heldige å vere faddrar til. Han er berre herleg, blid og glad. I går var han 1 år! og tida har berre rast så altfor fort:) Hugsar vèl den dagen han var fødd, då var eg og Ragnar akkurat komen fram til Silje i Dallas, Texas. då Mammaen din ringte frå sjukehuset, den etterlengta guten var KOMEN. Det er så kjekt å få lære deg å kjenne Iver August, og følge utviklinga di framover. Du er ei solstråle som lyser opp kvar gong ho "tante" Lill kjem, og vi er så uendeleg glad ideg.

I går var vi selskap og feira deg med mykje god mat og mange kaker. Mamma Anne Grethe og Pappa Petter hadde trylla fram den nydlegaste Lasagnen og dei flottaste kaker ein kan tenkje seg, og slekt og venner hadde koseleg lag saman med deg på dagen din:)

Om berre 3 veker skal mamma tilbake i jobb, og du til dagmamma:) Det kjem til å bli ein stor overgong for dokke alle, men det kjem til å bli kjekt også Iver August:) Ser deg snart:) Stor klem frå "tante" Lill og "onkel" Ragnar.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Så fint skreve, Lill, og nydeleg collage du har laga:0)
Det er utruleg kjekt å få den store æra som det faktisk er å vere fadderar....

AnneGrethe7 sa...

..ååå...for eit koseleg innlegg du har laga Lill. tusen takk for super gåve. Trur han hadde ein kjekk dag sjølv om han ikkje kjem til å huske så mykje av han...hihi...
Nydeleg collage!!!!

Klem