Koselig at du tok deg ein tur innom bloggen min. Du har sikkert forstått at den er heilt i oppstartingsfasa. No brukar eg mest til på å forme den. Håper eg vil få tid til å skrive litt meir i den seinare. I tillegg har den gitt meg ein liten "puff" bak, slik at eg må verte flinkare til å ta bilder. Skal prøve å få lagt deg til slik at eg kan sjå litt meir innom deg. I denne bloggverda er vel nesten som naboar å rekne, og naboar skal ein ta vare på, ikkje sant?
Velkomen til bloggen min:0)
Her inne vil du kunne lese om alt frå matoppskrifter, strikketøy og Silje - The Mustang. Ho er student ved Southern Methodist University i Dallas, Texas. Her spring ho også for The Mustangs, som er friidrettslaget ved SMU. Ho er med på Norges landslag i friidrett, og favorittøvinga er 3000m hinder. Håper du likar deg her inne, og at du legg att eit lite spor når du besøker meg.
Smil frå Lill
Det er hit vi drar for å finne ro og kvile. Vårt kjære hus, Nytun, frå 1933, Her på den vakre øya ute i havgapet går livet litt saktere...... Her ute heiter det ikkje " har ikkje tid....". Gjestfriheita og menneska som bur der er gull verdt.
Pusen vår Mimzy
Mimzy vart fødd 9. mai 2008 og er ei skikkeleg røvarjente. Ho slenger seg frå " tre til halv fire" i stovegardinene og spring tulling på sofaen. Skarpe klø gjer stor skade både her og der... men ho er så herleg god:) og oppfører seg som ein unge kvar gong det kjem nokon på besøk. Morgonane er best, då er ho så glad for å få selskap :)
3 kommentarer:
Så koselig hos deg!
Pusen ser også ut til å kose seg.
Her er det også melisdryss ute.....
Fortsett å kos deg, og ha en god lørdagskveld!
For et koselig innlegg da Lill:) flotte bilda du har tatt og pusen e jo bare nydelig:)
Ha en flott kveld,
klæm fra Kate
Hei Lill:-)
Koselig at du tok deg ein tur innom bloggen min. Du har sikkert forstått at den er heilt i oppstartingsfasa. No brukar eg mest til på å forme den. Håper eg vil få tid til å skrive litt meir i den seinare. I tillegg har den gitt meg ein liten "puff" bak, slik at eg må verte flinkare til å ta bilder.
Skal prøve å få lagt deg til slik at eg kan sjå litt meir innom deg. I denne bloggverda er vel nesten som naboar å rekne, og naboar skal ein ta vare på, ikkje sant?
Legg inn en kommentar