Idag har eg vore ilag med Bente, svigerinna mi frå Fjørtofta:) Ho er opprinneleg frå Sæbø, og det er alltid kjekt å treffast! God kopp kaffi og litt shopping blei det også. Vi tok oss ein tur på Stil og Stemning......... vanskeleg å gå derifrå utan handlenett.......
Så no har eg pynta opp på salongbordet og nyter dei levande lysa. Fann ein nydeleg engel også som eg fall pladask for.
Her i huset er det forresten ikkje bere dill og dall som er bordpynt.......... katten vår Mimzy har pryda kjøkenbordet dei siste dagane:) Har vist funne seg vel tilrette i brødkorga...... Til orientering har eg ny brødkorg som det berre skal vere brød i..... Er nå skjønn der ho ligg:) Er et ordtak som seier: - Når katten er borte danser musa på bordet" Her heime heiter det; " Når mor er borte danser katten på bordet".........Men fy og fy..... dette må vi venne ho av med!
1 kommentar:
Flotte ting du har kjøpt i dag......og Mimzi er ikkje heilt god nei, ....hihi
Ha en super kveld frue ;)
Legg inn en kommentar